Nyhetsarkiv 2011

"Knock out" på Hordaland Teater

Hordaland Teater presenterer et relevant og høyaktuelt teatertilbud til medlemmer i SIOPS!

Knockout: Dansk suksess frå 2008 - no i Norge!
Av: Lars Dammark og Anders Valentinus Dam
Regi: Anders Valentinus Dam
Med: Espen Sandvik og Igor Necemer

På Logen Teater i Bergen

Torsdag 10. februar kl.19.30 – Norgespremiere!
Fredag 11. februar kl. 19.30

Torsdag 17. februar kl. 19.30
Fredag 18. februar kl. 19.30
Lørdag 19. februar kl. 18.00

Torsdag 24. februar kl.19.30
Fredag 25. februar kl.19.30
Lørdag 26. februar kl. 18.00

Pris pr. person kr 100,-
Speletid: ca 70 min
Maks publikum pr. framsyning: 130

Påmelding til framsyninga
Ring Hordaland Teater på 55222020 / mail: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Om produksjonen

Knockout er ei rå og livsbekreftande historie om fortapte gutar og slitne menn, fortalt med humor og nervar, skarpt klipte scenar, musikk og film. Eit knyttneveslag, som rammar oss rett i solar plexus.
Scena er ein boksering, der publikum kjem tett inn på og blir vitne til kampen for å overvinne seg sjølv, finne igjen håpet og kjempe seg ut av mørket.
Slått i golvet så ein trur, ein aldri skal reise seg igjen - to tårn som styrtar - ein krig - eit skot - eit tap - eit menneskeliv, merka for alltid. Den første kampen - den endelege kampen! Og kven er Muhammed Ali?

Lasse har mista bror sin, som soldat, drepen i Afghanistan. Kven har skulda og kva stiller ein opp mot avmakta og hatet mot dei andre? Barndommens uskyld er borte og røyndommen gjer vondt. Lasse sin fristad er bokseklubben, der møtet med den røynde boksetrenaren Maier, opnar opp for sorga, vreiden og hatet, men også for tru og tilgivnad. For trenaren blir møtet med Lasse til gjengjeld det slag, som skal til for at han kan stå ansikt til ansikt med si største frykt - fortida!

Framsyninga er eit godt utgangspunkt for å ta opp tema som rasisme, undertrykking og mobbing. Vidare kan ein ta opp tema som sorg og angst for døden. Og ikkje minst tema sjølvtillit.

Klikk her for å sjå filmen frå Knockout på Vimeo